• Start |
  • Siste nytt |
  • Hjelp oss å halde …

Hjelp oss å halde badevatnet reint

Visste du at boss du kastar i do, kan ende opp som mikroplast i naturen og forureine badevatnet? Det er berre tiss, bæsj og dopapir som skal i do.

Publisert: 27.05.2025

I Øygarden har vi mange gode badeplassar, og dei fleste har reint og trygt vatn heile sommaren. For å halde det slik, er vi heilt avhengige av at alle kastar rett. Det betyr berre tre ting i do: tiss, bæsj og dopapir. Alt anna skal i bosset.

Reinseanlegga klarar ikkje alt

ØyVAR driftar over 40 kommunale reinseanlegg som reinsar avløpsvatn før det sleppast ut på djupt vatn. Desse anlegga fangar opp mykje, men klarar ikkje å filtrere bort alt – spesielt ikkje usynlege restar som kjem frå plastprodukt og kjemikaliar.

Likevel finn vi altfor ofte ting i systemet som aldri skulle vore der: våtserviettar, plast, sanitetsprodukt, tørkepapir og til og med klede og vaskefiller. Det fører til tette røyr, skadar på pumper og i verste fall overløp – altså at ureinsa kloakk renn ut i bekker, ferskvatn og sjø.

Frå do – til natur – til mat?

Når du skyllar noko i do som inneheld plast eller kjemikaliar, kan små partiklar bli med vidare ut i kretsløpet. Desse partiklane kan ende opp i havet, bli tatt opp av fisk, fugl eller andre dyr – og til slutt hamne på vårt eige matfat.

Mikroplast frå til dømes våtserviettar og kontaktlinser blir heller ikkje fjerna når vi behandlar slam frå reinseanlegga. Slammet blir brukt som jordforbetring i landbruket, og plasten følgjer med. Dermed er det lett å forstå kvifor alt boss skal i bosset – ikkje i do.

Lite overløp – og slik vil vi ha det

Samanlikna med mange andre stader i landet, har Øygarden relativt lite overløp. Det kjem av at vi har bygd store og robuste pumpestasjonar med god kapasitet. Likevel er det grenser for kor mykje feitt, plast og anna boss dei tåler.

Feitt som blir skylt i vasken størknar i røyr og pumper, og kan saman med hår og vaskefiller lage proppar i systemet. Når trykket blir for stort, kan det føre til utslepp – og det vil vi unngå.

Takk for at du bidreg

Alle ønskjer seg ei god og trygg badesommar. For å få til det, må vi saman gjere ein innsats. Det aller viktigaste du kan gjere, er å hugse regelen: berre dopapir, tiss og bæsj i do. Alt anna – også våtserviettar, hår, feitt og medisinar – skal i bosset.

Takk for at du tar ansvar og hjelper oss å halde badevatnet reint.