• Start |
  • Siste nytt |
  • Når blir spannet med …

Når blir spannet med glas- og metallemballasje tømt?

Det blir lagt opp til om lag 12 veke mellom kvar tømming. Så snart tømmedato for din eigedom er sett, vil det komme opp i tømmekalenderen i appen.

Publisert: 04.06.2026

Det er mange som lurer på når det nye spannet med glas- og metallemballasje blir tømt, og grunnen til at denne informasjonen ikkje ligg i tømmekalendereen er at datoane for tømming er ikkje sett endå. Planen er at det blir tømming ca kvar 12. veke, noko som betyr at det vil vere om lag 12 veke frå du får spannet til første tømming. Så snart tømmedatoen er sett for din adresse vil dette bli synleg i appen. Dersom du har aktivert varsling i appen, får du varsel ved neste tømming.

Tømmekalenderen finn du her og i ØyVAR-appen.

Takk for at du kjeldesorterer!