Matavfall er ein verdifull ressurs
Mykje av det vi kastar i restavfallet, kunne vore sortert ut. Matavfall er eitt døme. Analysar av restavfallet i Øygarden viser at 14 prosent av innhaldet i restavfallsspannet er matavfall.
I samband med World Cleanup Day 20.september, som i år har matavfall som tema, nyttar vi høvet til ei lita påminning: Når matavfall blir sortert riktig, kan det bli til nye ressursar som biogass og jordprodukt, i staden for å gå til forbrenning saman med restavfallet.
Kva skal i matavfallet?
Matavfall er avfall som kjem frå det vi kan ete. Matrestar, frukt og grønsaker, brød og bakervarer, kaffigrut og anna matavfall skal sorterast i matavfallsspannet.
Emballasjen skal sorterast for seg.
Før maten hamnar i matavfallet, er det også verdt å sjekke om han faktisk må kastast. Bruk sansane: Sjå, lukt og smak på maten før du eventuelt kastar han. Å ikkje kaste etande mat er bra for både lommeboka og miljøet.

Gjer det enkelt å sortere riktig
Eit godt system heime kan gjere det mykje enklare å sortere. Sortere anbefaler å ha eigne behaldarar for dei vanlegaste avfallstypane og plassere dei nær der avfallet oppstår. På kjøkkenet kan det til dømes vere praktisk å samle matavfall, plastemballasje, papp og papir og restavfall på same stad.
Har du lite plass, finst det mange enkle løysingar. Korger, posar som kan hengjast opp eller behaldarar som kan stablast, kan gjere det lettare å få plass til fleire avfallstypar. Det viktigaste er at systemet fungerer i kvardagen og gjer det enkelt å sortere riktig.
Det som får ein fast plass, er lettare å sortere
Eit godt sorteringssystem handlar om meir enn matavfall. Plastemballasje, glas- og metallemballasje, papp og papir, pant, batteri, lyspærer, elektronikk og tekstilar bør også ha ein naturleg plass heime. Når vi slepp å lure på kvar avfallet skal, blir kjeldesortering enklare å få til i kvardagen.
Og innsatsen har betydning. Når matavfallet blir sortert ut, reduserer vi mengda restavfall og kan ta vare på ressursane i avfallet på ein betre måte.
Hugseregelen er enkel: Matavfall i matspannet, ikkje i restavfallet.
Vil du ha tips til korleis du kan lage eit enkelt og praktisk system for kjeldesortering heime?
Sjå tips til gode løysingar hos Sortere

