• Start |
  • Siste nytt |
  • Lever juletre og …

Lever juletre og hageavfall gratis på Midtstegen

Har du juletre, greiner eller anna hageavfall som skal leverast? Då lønner det seg å ta turen til Midtstegen gjenbruksstasjon.

Publisert: 02.01.2026

Lever juletre og hageavfall gratis på Midtstegen

Har du juletre, greiner eller anna hageavfall som skal leverast? Då lønner det seg å ta turen til Midtstegen gjenbruksstasjon.

På Midtstegen kan du levere hageavfall utan å bruke av kvota på dei tre årlege gratisbesøka på gjenbruksstasjonane. Hagemottaket ligg utanfor sjølve stasjonen, og du treng verken QR-kode eller innkøyring for å levere.

Tre gratis besøk i året

I den nye vektbaserte ordninga for renovasjon har hushald tre gratis besøk i året på gjenbruksstasjonane. Du bruker av kvota når du køyrer inn på ein gjenbruksstasjon, til dømes på Straume. Bruker du opp kvota før året er omme, må du betale eit inngangsgebyr for kvart besøk.

Skal du berre levere hageavfall, er det difor smart å bruke Midtstegen. Då sparer du kvotene dine til andre leveringar.

Midtstegen best for juletrelevering
Når nye Straume gjenbruksstasjon opnar 19. januar, kan du også levere hageavfall der. Då køyrer du inn på stasjonen og leverer i hageavfallskonteinaren som første stopp. Men innkøyring på Straume bruker av dei tre gratisbesøka, sjølv om du berre leverer hageavfall.

Difor er Midtstegen det beste valet dersom du berre skal kvitte deg med hageavfall eller juletreet.