Nye opningstider på gjenbruksstasjonane frå 19. januar
Når den nye gjenbruksstasjonen på Straume opnar …
Har du avfall som må fraktast til gjenbruksstasjonen, men manglar noko å frakte det i? No kan du enkelt leige tilhengar på Midtstegen gjenbruksstasjon!
Det er ikkje alltid like lett å få plass til alt avfallet i bilen. Difor tilbyr vi no utleige av tilhengar på Midtstegen gjenbruksstasjon. Vi har to tilhengarar tilgjengelege, og du kan reservere ein raskt og enkelt gjennom appen Freetrailer.
Tilhengaren er gratis dei første tre timane, deretter kostar det 99 kr for tre timer til.
Reserver i appen om du vil vere sikker på at ein tilhengar er ledig. Det kostar 49 kr å reservere.
Drop-in er gratis, men vi kan ikkje garantere at det er ein tilgjengeleg utan reservasjon.
Sorter gjerne avfallet i tilhengaren før du kjem til Midtstegen – det gjer besøket ditt på gjenbruksstasjonen raskare og enklare.
Les meir om prisar og reservasjon her.