• Start |
  • Siste nytt |
  • Kvifor vektbasert …

Kvifor vektbasert renovasjon?

Nasjonale mål om meir sortering og mindre restavfall stiller tydelege forventningar til alle kommunar. For å nå desse måla må mengda restavfall ned, og meir av avfallet sorterast riktig heime hos innbyggarane.

Kvifor vektbasert renovasjon?

Nasjonale mål om meir sortering og mindre restavfall stiller tydelege forventningar til alle kommunar. For å nå desse måla må mengda restavfall ned, og meir av avfallet sorterast riktig heime hos innbyggarane.

Det finst fleire moglege løysingar for å få til dette, men dei verkar ulikt og har svært ulike kostnader:

  • Betaling per tømming av spann, slik enkelte kommunar har valt.
  • Sjeldnare tømming, til dømes kvar fjerde veke.
  • Store investeringar i etter­sorteringsanlegg, som gir høgare faste kostnader for alle.
  • Vektbasert renovasjon, der ein betaler for den mengda restavfall ein faktisk kastar.

ØyVAR har valt vektbasert renovasjon fordi dette er løysinga som over tid gir best effekt på sortering, samstundes som ho held dei samla renovasjonskostnadene lågare enn alternativa. Andre løysingar ville anten ført til høgare faste gebyr for alle, eller store investeringar som må betalast gjennom auka renovasjonsgebyr. Med vektbasert renovasjon blir kostnadene fordelte meir rettferdig, ved at ein i større grad betaler for den mengda restavfall ein faktisk kastar.

Plast, papir og matavfall skal sorterast og leverast som før. Det er berre restavfallet som blir voge og betalt per kilo.

Kva ser vi så langt?

Erfaringar frå andre kommunar, frå forsking og vårt eige pilotprosjekt viser at betalingsmodellar som kombinerer god informasjon med økonomisk insentiv gir betre sortering over tid. Mellom anna har forskingsprosjekt i samarbeid mellom renovasjonsselskap og akademia vist betydeleg betre utsortering i bustadsameige der betaling var knytt til restavfall.

Dei første tala frå Øygarden peikar i same retning. Når vi samanliknar same veke og same tømmerute i år og i fjor, ser vi allereie ei tydeleg endring:

  • Mengda matavfall har auka med 5.5 tonn, noko som tyder på betre sortering
  • Mengda restavfall har gått ned 6 tonn
  • Den totale avfallsmengda er stabil (0,17%)

Dette tyder på at avfallet i større grad blir sortert riktig, ikkje at det blir brent eller forsvinn. Tala er førebelse, men utviklinga er likevel tydeleg allereie. ØyVAR vil følgje utviklinga tett gjennom 2026 og samanlikne tala med tidlegare år. Takk for sortering!