• Start |
  • Siste nytt |
  • Kvifor tener ikkje ØyVAR …

Kvifor tener ikkje ØyVAR pengar – og kva betyr «sjølvkost»?

ØyVAR driv renovasjon og avfallshandtering etter sjølvkostprinsippet. Det betyr enkelt sagt at vi ikkje har lov til å tene pengar på tenestene vi leverer.

Publisert: 17.02.2026

Kvifor tener ikkje ØyVAR pengar – og kva betyr «sjølvkost»?

ØyVAR driv renovasjon og avfallshandtering etter sjølvkostprinsippet. Det betyr enkelt sagt at vi ikkje har lov til å tene pengar på tenestene vi leverer.

Alle kostnader knytte til renovasjon, innsamling, transport, behandling av avfall, drift av gjenbruksstasjonar, utstyr og administrasjon – skal dekkjast gjennom renovasjonsgebyra frå abonnentane. Samstundes har vi plikt til å drive så effektivt og kostnadsmedvite som mogleg, innanfor dei rammene lovverk og nasjonale krav set.

Kvifor er det viktig å redusere restavfallet?
Kostnadene for å levere restavfall til forbrenning er venta å auke i åra som kjem. Samstundes er restavfall den fraksjonen som gir minst miljøgevinst, og som kostar mest å handtere. Derfor ønskjer vi å flytte mest mogleg av avfallet over i fraksjonar som kan materialgjenvinnast, som plast, papp og papir. Når desse fraksjonane er reine og rett sorterte, får ØyVAR refundert delar av kostnaden ved levering. Det kjem i siste instans alle abonnentane til gode.

Forureinar betaler
Eit anna viktig prinsipp som vil få større betydning framover, er at forureinar betaler. Det betyr at kostnadene i mindre grad blir fordelte likt på alle, og i større grad knytte til faktisk bruk. I praksis inneber dette at:

  • dei som kastar lite restavfall, betaler mindre
  • dei som kastar meir, betaler meir

Målet er ikkje å straffe nokon, men å sikre ei rettferdig fordeling av kostnader, der ein i størst mogleg grad betaler for den belastninga ein faktisk legg på systemet.

Kvifor informerer vi så mykje om dette?
Vi er klar over at endringar i renovasjonsordninga vekkjer mange spørsmål. Grunnen til at vi lagar nyheitssaker, innlegg og svarar i kommentarfelt, er nettopp for å forklare det mange lurer på, vere opne om vala som er gjorde, og dele kunnskap om korleis systemet fungerer. Ordninga vil bli følgd tett og evaluert, og erfaringane vi gjer oss no vil vere viktige for vidare justeringar.

Målet er det same for oss alle: mindre restavfall, meir gjenvinning, og ei berekraftig renovasjonsløysing for Øygarden, både miljømessig og økonomisk.