Sist oppdatert: 20.10.2026
Kva skal i spannet for glas- og metallemballasje?
No er alle dei nye enkeltspanna for glas- og metallemballasje køyrde ut til hushaldningane i Øygarden. Utkøyringa av fellesbehaldarar til mellom anna sameige er framleis i gang.
Med eige spann heime blir det enklare å sortere glas- og metallemballasjen riktig. Men kva skal eigentleg i spannet?
Hugseregelen er enkel: Spannet er for emballasje av glas og metall, ikkje andre ting som er laga av glas eller metall.
Dette kan du kaste i spannet
Glas- og metallemballasje er emballasje som har vore rundt mat, drikke eller andre produkt. Det kan til dømes vere:
- syltetøyglas og andre emballasjeglas
- glasflasker
- hermetikkboksar
- aluminiumsformer og aluminiumsfolie
- metallkorkar og lokk
- metalltubar
- telyshaldarar av metall
Emballasjen skal vere tom. Skyl gjerne bort restar dersom det er nødvendig, og legg emballasjen laust i spannet utan pose.
Dette skal ikkje i spannet
Sjølv om noko er laga av glas eller metall, betyr det ikkje nødvendigvis at det skal i dette spannet.
Drikkeglas, porselen og keramikk, eldfaste former, spegel og vindaugsglas skal ikkje sorterast som glas- og metallemballasje. Det same gjeld gryter, steikepanner, sakser og andre metallgjenstandar som ikkje er emballasje.
Er du usikker på kvar noko skal kastast, kan du søkje det opp på Sortere.no.
Dei fleste returpunkta er fjerna
Når hushaldningane får eigne løysingar for glas- og metallemballasje, er det ikkje lenger behov for like mange returpunkt som tidlegare. Dei fleste er derfor fjerna.
Det står framleis att nokre returpunkt. Her finn du meir informasjon om ordninga og oversikt over returpunkta som framleis er i bruk:
Les meir om eige spann for glas- og metallemballasje










