Publisert: 11.08.2025
No har vi starta utdelinga av eigne spann for glas- og metallemballasje, og utpå hausten startar henteordninga. Då kan du sortere dette avfallet heime i staden for å dra til returpunkta. Vi kjem og hentar det kvar 10. veke når ordninga er i gang.
Hilde Vik Halleraker, leiar for kvalitet og HMS i ØyVAR, forklarar kva du kan kaste i det nye spannet.
Slik gjer du det:
- Skyl emballasjen i kaldt vatn og la han tørke.
- La etiketten sitte på.
- Kast alt laust i spannet – ikkje bruk pose. Det gjer ingenting om noko knuser.
Dette kan du kaste i spannet for glas- og metallemballasje:
- Syltetøyglas og glasflasker
- Sauseglas, barnematglas og liknande
- Hermetikkboksar
- Aluminiumsformer og -folie
- Metallkorkar og -lokk
- Påleggstubar av metall
- Brus- og ølboksar utan pant
- Telyshaldarar i metall
- Vin- og ølflasker utan pant
- Glasflasker utan pant til vin, brus o.l.
- Tomme parfyme- og deodorantflasker i glas
- Hudkremkrukker i glas
- Tomme medisinglas
Dette kan du ikkje kaste i spannet for glas- og metallemballasje:
- Glas og metall som ikkje er emballasje (t.d. gryter, sakser og vinglas)
- Chipsposar og liknande med innvendig sølvbelegg
- Keramikk, porselen og krystall
- Spegel og vindaugsglas
- Sprayboksar som ikkje har innehalde mat
- Lyspærer og batteri
- Eldfaste former
- Drikkeglas og tallerkenar
- Skarpe metallgjenstandar, som knivar, spikar og skruar