Når blir spannet med glas- og metallemballasje tømt?
Det blir lagt opp til om lag 12 veke mellom kvar …
Restavfall er det som står att etter at du har sortert ut alt som kan gjenvinnast, som matavfall, plastemballasje, papir, glas og metall. Det er med andre ord avfallet som ikkje kan sorterast i eigne avfallstypar, og som vanlegvis går til energigjenvinning.

Ei stekepanne av metall er til dømes solid metall som kan gå til omsmelting. Då kan materialet bli brukt på nytt, kanskje som ei postkasse eller ein sykkel i neste liv. På same måte kan ei plastbøtte sorterast som hardplast dersom materialet eignar seg for gjenvinning.
Når slike ting blir sorterte riktig, blir mengda restavfall mindre, og fleire ressursar kan brukast om igjen.
Større ting som ikkje kan gjenbrukast eller sorterast i andre avfallstypar, må leverast som restavfall på gjenbruksstasjonen. Det kan til dømes vere slitte møblar, madrassar eller andre store gjenstandar som ikkje kan gå til ombruk.
Når meir av avfallet blir sortert riktig, kan meir av materialet gjenvinnast og brukast på nytt. Difor er vi veldig glade for alt som kan sorterast betre.