• Start |
  • Siste nytt |
  • Kunngjering prisar 2026

Kunngjering prisar 2026

Gebyrregulativ for 2026 er vedtatt i kommunestyret, med endringar for vatn, avløp, renovasjon og slamavskiljarar frå 01.01.2026.

Publisert: 08.12.2025

Det viktigaste vi gjer er å sikre at du får reint vatn i springen og at avløp og renovasjon fungerer som det skal. Vi har fokus på å halde vedlikehald på eit fornuftig nivå, noko som sikrar god kvalitet på dei samfunnskritiske tenestene vi leverer til innbyggarane i Øygarden kommune.

Sjå heile gebyrregulativet for 2026.

ØyVAR sine inntekter skal vere like store som utgiftene. Lova seier at gebyra skal prisast til sjølvkost, og for at vi skal vere i balanse også i 2026 må vi gjere nokre endringar på prisane.

For ei normalhushaldning vil gebyrendringa gje ei auke på 3,3 %

2025

2026

Endring

Vatn

5 011,56

5 146,28

134,72

2,7 %

Avløp

7 898,23

8 143,80

245,48

3,1%

Renovasjon

4 757

4 956

199

4,2 %

SUM

17 666,88

18 246,08

579,20

3,3 %

Gebyra for vatn, avløp og slam fekk redusert momssatsen fra 25 % til 15 % frå 1. juli 2025. Sidan gebyra er oppgitt med moms, visar samanlikningstala for 2025 nivået i andre halvår, etter at den nye momssatsen blei innført.

Normalgebyret for renovasjon er rekna ut i frå ei vanleg mengd restavfall per hustand, på 182 kilo i året, i tillegg til grunngebyret.