Sist oppdatert: 20.04.2026
Slik finn du fram til ombruksbutikken Trigger
Ved gjenbruksstasjonen på Straume finn du ombruksbutikken Trigger. Her kan brukbare ting få nytt liv i staden for å bli kasta. I videoen under viser vi korleis du enkelt finn fram til butikken.
Anten du vil levere noko, gjere eit kupp eller berre ta ein kikk, er du hjarteleg velkommen innom. Når brukbare ting blir brukte vidare i staden for å bli kasta, sparer vi både ressursar og miljø – og ofte også pengar.
Ein butikk full av brukbare skattar
Ombruksbutikken er rundt 200 m² og fylt med brukbare gjenstandar til rimelege prisar. Her kan du finne alt frå kjøkkenutstyr og interiør til småmøblar, bøker og hobbyutstyr.
Butikken blir driven i samarbeid med Trigger. Samarbeidet gir menneske moglegheit til arbeidstrening og verdifull arbeidserfaring, samtidig som varer får nytt liv gjennom ombruk.
Sjå korleis du finn fram
Det kan vere litt vanskeleg å vite nøyaktig kvar butikken ligg første gong du besøker gjenbruksstasjonen på Straume. I videoen under viser vi kor du kan parkere og korleis du går til butikken.
Lever ting til ombruk
Du kan levere dei fleste gjenstandar som framleis er i god bruksstand. Varene må vere heile, reine og funksjonelle, og dei må kunne brukast utan reparasjon. Butikken har dessverre ikkje kapasitet til å reparere eller vaske varer. Sesongvarer som ski, akebrett, jule- og påskepynt og sommarleiker kan leverast heile året. Det er gratis å levere ting til ombruk.
Er du usikker på om noko kan leverast, kan du ta kontakt med butikken på telefon 902 16 896.
Les meir om Trigger her:
https://www.oyvar.no/gjenbruksstasjonar/straume/trigger-ombruk/
Velkomen innom! ♻️