Sist oppdatert: 08.03.2026
Kor går avfallet frå Øygarden?
Mange lurer på kva som faktisk skjer med avfallet etter at det er henta. Blir plasten brent likevel? Kvar går papiret? Og gjer sorteringa eigentleg ein forskjell?
Når renovasjonsbilen har vore hos deg, startar neste del av jobben. Avfallet blir ikkje berre køyrt bort, det blir sendt vidare til godkjende anlegg der det blir sortert, behandla og brukt som ressurs på nytt. Målet er at mest mogleg skal gå til materialgjenvinning og minst mogleg til restavfall.
Den vektbaserte ordninga er innført for å redusere restavfall og auke materialgjenvinninga. Du kan lese meir om bakgrunnen for ordninga i saka «Kvifor vektbasert renovasjon» her. Her ser du kvar dei største fraksjonane frå hushald i Øygarden går:
- Papp
Blir levert til anlegg i Sverige og blir til ny papp. - Papir
Blir levert til papirfabrikk i Tyskland og blir til nytt papir. - Drikkekartong
Blir levert gjennom Grønt Punkt og blir til ny drikkekartong. - Glas- og metallemballasje
Dette går til Srikel i Fredrikstad. Glass kan gjenvinnes i det uendelige uten å tape verdi. 2/3 deler av innsamlet glassemballasje blir til nytt glass, noe blir til Glasopor og noe til Glava isolasjon. - Plastemballasje
Blir sendt til nasjonalt finsorteringsanlegg i Noreg. I 2025 opna det eit nytt nasjonalt anlegg med kapasitet til å ta imot all plastemballasje frå hushald i Noreg. Anlegget vaskar og sorterer plasten i ti ulike plastkvalitetar før han blir materialgjenvunnen og brukt som råvare i nye plastprodukt. Materialgjenvinningsgraden for plast frå hushald er om lag 73%. Resten er fukt, feilsortering og prosessrestar. Plast som er rett sortert, blir altså ikkje brent, men brukt på nytt. For nærare dokumentasjon og tal kan du sjå nettsida til Grønt Punkt Noreg under plastemballasje frå hushald her. - Matavfall
Blir levert til BIR sitt anlegg på Voss. Der blir det produsert biogass, og restproduktet blir til gjødsel. Nær 100 prosent blir utnytta. - Restavfall
Blir sendt til energigjenvinning ved BIR sitt anlegg i Rådalen. - Hardplast
Blir levert til Ragn Sells og vidare til returselskap. Materialgjenvinningsgrad nær 100 prosent. - Treverk
Blir kverna og sendt vidare til materialgjenvinning. Blir til nye sponplater. Materialgjenvinningsgrad 100 prosent. - Avfall som går til deponi:
Ikke-brennbart restavfall er avfall som verken kan materialgjenvinnes eller brennes som porselen, keramikk, ildfaste former, murstein, fliser går til deponi for permanent lagring.
Det aller meste av det som blir sortert riktig, blir brukt på nytt som ressurs. Når papir blir til nytt papir, plast blir til nye plastprodukt og matavfall blir til biogass, reduserer vi behovet for nye råvarer og kuttar utslepp. Restavfall er den delen som ikkje kan materialgjenvinnast, og går derfor til energigjenvinning.
Når vi sorterer meir og reduserer restavfallet, nærmar vi oss dei nasjonale sorteringsmåla. Dette er eit arbeid vi gjer saman med innbyggjarane i Øygarden. Du kan lese meir om dette i saka «Saman når vi sorteringsmåla» her.