Sist oppdatert: 03.09.2026
I 2025 var Øyvar blant dei første i landet til å teste keramiske membranar som ein del av vassbehandlinga. Bakgrunnen var behovet for å finne framtidsretta løysingar for vassverk med utfordringar knytt til råvasskvalitet, samtidig som vi ønskte å utnytte eksisterande bygningsmasse og infrastruktur best mogleg.
Gjennom pilotperioden har vi undersøkt både vasskvalitet, driftsstabilitet og korleis teknologien fungerer under ulike driftsforhold. Målet har vore å få eit best mogleg grunnlag for framtidige investeringar i vassforsyninga.
Svært god vasskvalitet
Resultata frå pilotforsøket viser at kombinasjonen av koagulering og keramisk membranfiltrering gir svært god reinsing av råvatnet.
Det ferdig behandla vatnet hadde gjennomgåande låg farge og stabil kvalitet, sjølv når råvatnet varierte mykje.

Låg aluminiumsrest gjennom heile perioden
Ved bruk av aluminiumskoagulant er det viktig å dokumentere at restinnhaldet av aluminium i drikkevatnet held seg lågt.
I pilotperioden vart det ikkje registrert ein einaste prøve som overskreid anbefalte verdiar eller grenseverdiar. Målingane låg typisk rundt 0,02 mg/l, som er langt under både anbefalt nivå ved koagulering og gjeldande grenseverdi. Dette viser at prosessen kan drivast med god kontroll og høg tryggleik.
Stabil drift utan teikn til permanent tilstopping
Eit sentralt mål med prosjektet var å undersøke korleis membranane oppfører seg over tid. Pilotanlegget viste seg å vere stabilt gjennom heile testperioden. Erfaringane viser at prosessen er sensitiv for feil dosering av koagulant eller drift utanfor optimalt pH-område, men dette gir også eit viktig fortrinn. Membranane reagerer raskt på avvik, slik at driftspersonell får tidlege signal om at noko må justerast.
Sjølv etter omfattande testing og justeringar vart det ikkje observert teikn til permanent tilstopping av membranane.
Viktig kunnskap for beredskap
Ein del av prosjektet var å undersøke korleis membranane fungerer dersom ein i ein beredskapssituasjon må drifte utan koagulant.
Resultata viser at membranane framleis gir ein betydeleg hygienisk barriere og målbar virusfjerning, men at farge og organisk stoff ikkje blir fjerna i same grad som ved normal drift. Forsøket har gitt viktig kunnskap om kva moglegheiter og avgrensingar som finst dersom tilgang på kjemikaliar skulle bli utfordra.
Eit viktig steg for framtidas vassforsyning
Pilotprosjektet har vist at keramiske membranar kan vere eit interessant alternativ for framtidige oppgraderingar av eksisterande vassverk i Øygarden. Teknologien er robust, plasseffektiv og godt tilpassa råvatn med høgt innhald av naturleg organisk materiale.
Samtidig har prosjektet gitt verdifull erfaring med drift, kjemikaliedosering og prosesskontroll som vil vere nyttig i vidare utvikling av vassforsyninga i kommunen.


