Sist oppdatert: 16.09.2026
Har du nok vatn heime dersom noko skjer?
I veke 44 er det Egenberedskapsuka. Årets hovudtema frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt. Men eigenberedskap handlar også om å sikre dei mest grunnleggjande behova våre. Eitt av dei viktigaste er vatn.
Vi er vane med at reint vatn kjem frå springen kvar dag. Ved straumbrot, tekniske feil eller andre uønskte hendingar kan vassforsyninga bli påverka. Derfor er det lurt å ha drikkevatn lagra heime.
20 liter vatn per person
DSB tilrår at du har rundt 20 liter drikkevatn per person i beredskapslageret. Det skal bidra til å dekkje minimumsbehovet for drikke, matlaging og noko hygiene i ei veke.
For ein familie på fire betyr det rundt 80 liter. Vatnet kan gjerne fordelast på fleire mindre flasker eller dunkar, slik at det blir enklare å finne plass og handtere dersom du får bruk for det.

Slik lagrar du vatn trygt
Du kan kjøpe vatn på flasker eller fylle vatn frå springen sjølv. Dersom du fyller vatnet sjølv, er det viktig at flaskene eller dunkane er godt reingjorde.
Slik gjer du:
- Vask flaskene eller dunkane med såpe og vatn, og skyl godt.
- Tilsett to korkar hushaldsklorin per 10 liter vatn. La det stå i minst 30 minutt. Tøm ut og skyl godt.
- Fyll flaskene eller dunkane heilt fulle med kaldt, rennande vatn frå springen.
- Lagre vatnet mørkt og kjøleg, utan direkte sollys. Ikkje oppbevar vassbehaldarar i rom der det står bensin, plantevernmiddel eller liknande stoff.
For å sikre god smak på vatnet bør du byte det éin gong i året.
Litt førebuing kan gjere ein stor forskjell
Eigenberedskap handlar om å vere førebudd dersom kvardagen plutseleg ikkje fungerer slik vi er vane med. Å ha nok vatn på lager er eitt av dei enklaste og viktigaste tiltaka du kan gjere heime.
Egenberedskapsuka er ei god påminning om å ta ein sjekk: Har du rundt 20 liter vatn per person i husstanden, og er vatnet lagra på ein trygg måte?
Du finn fleire råd om eigenberedskap hos DSB: https://www.dsb.no/sikkerhverdag/egenberedskap/slik-bidrar-du-til-norges-beredskap/

