• Start |
  • Siste nytt |
  • Gratis kurs i …

Gratis kurs i heimekompostering

Vil du lære korleis matrestar kan bli til næringsrik jord i staden for avfall? Då inviterer ØyVAR til gratis kurs i heimekompostering.

Publisert: 18.06.2026

Gratis kurs i heimekompostering

Vil du lære korleis matrestar kan bli til næringsrik jord i staden for avfall? Då inviterer ØyVAR til gratis kurs i heimekompostering.

På kurset får du ei praktisk innføring i korleis du kjem i gang med kompostering heime. Enten du er heilt ny eller berre nysgjerrig på ulike metodar, får du tips og kunnskap som gjer det enkelt å starte. Du kan også lese meir om heimekompostering og ulike løysingar her: https://www.oyvar.no/rettleiingar/heimekompostering

På kurset lærer du:

  • Kva du kan og ikkje kan kompostere
  • Forskjellige metodar for heimekompostering, mellom anna varmkompost og bokashi
  • Korleis du unngår lukt og skadedyr
  • Kva slags utstyr du treng
  • Kvifor kompostering er bra for både miljøet og lommeboka

Det blir også høve til å stille spørsmål og dele eigne erfaringar undervegs.

Praktisk informasjon

Dato: Onsdag 24.juni
Tid: Kl. 18.00–19.00
Stad: Lonavegen 20

Kurset er gratis, men påmelding er nødvendig.

Påmelding:
E-post: postboks@oyvar.no
Telefon: 56 31 59 30

Det blir enkel servering.

Heimekompostering er ein enkel måte å redusere avfallsmengda på, samtidig som du får næringsrik jord til hagen eller plantene dine.