• Start |
  • Siste nytt |
  • Gamle barneleiker og …

Gamle barneleiker og lyspærer? Slik sorterer du dei rett

Skal du kaste barneleiker, kort eller bøker som inneheld batteri eller elektronikk? Då er det viktig at du leverer dei som el-avfall på gjenbruksstasjonen. Det same gjeld lyspærer, som skal sorterast i eigne behaldarar.

Publisert: 20.05.2025

Feilsortering av batteri og elektronikk kan føre til brann, så dei vil vi ikkje ha saman med anna avfall. Stasjonsleiar Richard Saure minner derfor om at du må levere bursdagskort med musikk, bøker med batteri og elektroniske barneleiker som el-avfall på gjenbruksstasjonen.

Skadeleg for miljøet

Elektronisk avfall inneheld òg materiale som kan vere skadeleg for naturen dersom det ikkje blir handtert rett. Leverer du inn batteri og elektronisk avfall, kan nokre av komponentane bli gjenvunne og brukte på nytt – og vi sparar verdifulle ressursar.

Når du leverer gamle lyspærer og lysrøyr, er det viktig å hugse å legge dei forsiktig ned i kassen slik at dei ikkje knuser. Nokre av dei kan innehalde kvikksølv, som er giftig å få i seg.

Hugs å sortere rett

  • Barneleiker og bøker med elektronikk: Lever dei som el-avfall på gjenbruksstasjonen.
  • Lyspærer og lysstoffrøyr: Skal sorterast i eigne behaldarar for lyspærer.
  • Batteri: Skal alltid leverast som farleg avfall og ikkje kastast i restavfall.

Er du usikker på korleis noko skal sorterast, legg avfallet for seg sjølv. Våre tilsette på gjenbruksstasjonen hjelper deg gjerne med rett sortering. Spør oss når du kjem innom, så sørgjer vi for at avfallet ditt blir handtert på ein trygg og miljøvenleg måte.