• Start |
  • Siste nytt |
  • Frå årsskiftet blir du …

Frå årsskiftet blir du belønna for å kjeldesortere

Frå 1. januar 2026 kan du påverke kor stor renovasjonsrekninga di blir. Du betaler eit fast grunngebyr, medan resten blir rekna ut etter kor mange kilo restavfall du kastar. Jo meir du sorterer, jo mindre betaler du. Slik tek vi eit viktig steg for miljøet saman.

Publisert: 22.12.2025

Frå årsskiftet går Øygarden kommune over til vektbasert renovasjon for hushald og fritidsbustader. Endringa er vedteken av kommunestyret og betyr at renovasjonsgebyret blir delt i to: eit fast grunngebyr og eit variabelt gebyr for kvar kilo restavfall du kastar.

– Med den nye gebyrmodellen ønskjer vi å gi innbyggarane ein tydeleg fordel av å sortere meir. Utover grunngebyret betaler du berre for dei kiloa med restavfall du faktisk kastar. Det er bra for lommeboka og bra for miljøet, seier administrerande direktør i ØyVAR, Bjarne Ulvestad.

Bakgrunnen er dei nasjonale måla om at mengda restavfall skal ned og materialgjenvinninga opp. Vi skal redusere restavfallet per innbyggjar med 50 prosent innan 2030. Erfaringane frå pilotprosjektet på Rong viser at dette er innan rekkevidde når ordninga er enkel og motiverande.

– Dette er ei ordning vi skal klare saman. Innbyggarane i Øygarden har allereie vist vilje til å bidra, og no får du ein ekstra motivasjon: Kjeldesorterer du meir, betaler du mindre, seier Ulvestad.

Adm. dir. Bjarne Ulvestad i ØyVAR håpar at innbyggarane opplever ordninga som motiverande.

Slik fungerer ordninga

Renovasjonsgebyret består av to delar:

  • Grunngebyr (fast ledd)
    • Hushald med sentralkompost: 4 046 kroner i året
    • Hushald med heimekompost: 3 371 kroner i året
    • Hytterenovasjon: 3324 kroner i året
    • Grunngebyret blir rekna per bueining og dekkjer mellom anna henting av matavfall, papp og papir, plastemballasje og glas- og metallemballasje.
  • Kilogebyr (variabelt ledd).
    • Restavfall henta heime hos deg: 5 kroner per kilo.

Alle renovasjonsbilane er utstyrte med vekter som veg restavfallet når spannet blir tømt. Mengda blir registrert på abonnementet ditt, og du betaler etterskotsvis for vekta som er henta. Den vektbaserte ordninga gjeld også for fritidsbustader med eigne behaldarar.

No blir restavfallet vegt på renovasjonsbilen. Utover eit grunngebyr betaler du berre per kilo restavfall du kastar. Sortert avfall er inkludert i grunngebyret.

Kva betyr den nye ordninga for deg

Hovudregelen er enkel:

Det du sorterer rett, er inkludert i grunngebyret. Det du legg i restavfallet, kostar 5 kroner per kilo.

Dette gir deg direkte gevinst ved å sortere ut matavfall, plast, papir, glas- og metallemballasje og anna avfall som kan gjenvinnast og leverast på gjenbruksstasjonen.

– Vi veit at mange allereie gjer ein god jobb. Med vektbasert gebyr blir det endå tydelegare at innsatsen din betyr noko. Dei som kastar lite restavfall, blir belønna gjennom lågare rekning, seier Ulvestad.

Tre gratis innkøyringar på gjenbruksstasjonen

Grunngebyret inkluderer også tre gratis innkøyringar på gjenbruksstasjonen i året. Der kan du levere alle avfallstypar ØyVAR har løysingar for utan ekstra kostnad, bortsett frå restavfall og deponivarer og massar som stein, fliser og betong.

Treng du meir enn dei tre gratis besøka, gjeld følgjande prisar per innkøyring:

  • Personbil: 200 kroner
  • Varebil/personbil med tilhengjar: 350 kroner
  • Lastebil inntil 7500 kg: 800 kr

I tillegg gjeld desse satsane for enkelte avfallstypar:

  • Restavfall: 3 kroner per kilo
  • Massar som stein, fliser og betong: 3 kroner per kilo

Alt anna av sortert avfall kan leverast utan ekstra kostnad så lenge det er sortert rett.

Saman når vi måla

Noreg har ambisiøse mål for kjeldesortering. 65 prosent av alt avfall skal gå til materialgjenvinning innan 2030, og Øygarden skal ta sin del av ansvaret. Når vi kastar mindre restavfall og gjenvinn meir, tek vi betre vare på ressursane, treng færre nye råvarer og kuttar klimagassutslepp.

– Vektbasert renovasjon gjer det lettare å ta gode val i kvardagen. Kvar kilo du flyttar frå restavfall til gjenvinning, er ein liten miljøseier. Summen av dette er enorm, seier Ulvestad, som håpar innbyggarane opplever ordninga som motiverande.

Full oversikt over alle prisar i det nye gebyrregulativet, inkludert renovasjon, vatn, avløp og tømming av private slamavskiljarar finn du her.