ØyVAR fekk nasjonal anerkjenning for berekraftige løysingar
ØyVAR fekk andreplass i Anskaffelsesprisen 2025. …
ØyVAR blir først ut i Noreg med å teste keramiske membranfilter i reinsinga av drikkevatn. Metoden krev færre kjemikaliar, er meir berekraftig og kan peike ut vegen for framtidas vassforsyning.
I haust starta ØyVAR opp eit nytt pilotprosjekt. Som første kommune i landet skal Øygarden teste ut ein ny reinsemetode med keramiske membranfilter, støtta av Folkehelseinstituttet (FHI).
– Målet er å finne ei løysing som både er miljøvennleg og kostnadseffektiv, samtidig som vi kan produsere vatn med god kvalitet. Dersom pilotprosjektet gir gode resultat, kan teknologien bli aktuell for både oss og andre kommunar i framtida, seier prosjektleiar og leiar for kvalitetssikring og HMS i ØyVAR, Hilde Vik Halleraker.
Keramiske membranfilter kan samanliknast med ein særs fin sil. Vatnet blir pressa gjennom bittesmå porer som effektivt fjernar farge, partiklar, bakteriar og virus. Metoden gir stabil og høg kvalitet på vatnet, samstundes som behovet for kjemikaliar blir lågare enn i mange av dei vanlege prosessane som er i bruk i dag. Fleire vassbehandlingsanlegg i Storbritannia har dei siste åra gått over til keramiske filter i reinsinga, men så langt er metoden ikkje testa i Noreg.
Filtera har òg lengre levetid og større motstandsdyktigheit enn tradisjonelle løysingar. Det betyr at dei kan halde i 15–20 år, medan dagens filter ofte må bytast ut langt tidlegare.
ØyVAR har fleire vassbehandlingsanlegg som etter kvart treng oppgradering. Pilotprosjektet gir oss verdifull erfaring med ei løysing som kan vere både kostnadseffektiv og enklare å tilpasse eksisterande anlegg.
– Trygg tilgang på godt drikkevatn er det viktigaste vi leverer. Difor jobbar vi heile tida med å utvikle oss og finne løysingar som gjer at vi kan levere både sikkert og berekraftig også i framtida, seier Halleraker.
Prosjektet starta i november i år og varer fram til mars 2027. Metoden skal testast på eit anlegg og ei vasskjelde som i dag ikkje blir brukt til produksjon av drikkevatn. På den måten kan vi teste prosessen utan å forstyrre den daglege produksjonen av drikkevatn til abonnentane. ØyVAR skal utføre pilotprosjektet i samarbeid med rådgjevingsselskapet Optiva, som er spesialiserte på vassreinsing, vassforsyning og avløpshandtering, og Nanostone Water, som er leverandør av keramiske membranfilter. Resultata frå piloten blir delte med andre kommunar og fagmiljø i Norden, slik at fleire kan dra nytte av erfaringane.
– Dersom dette viser seg å vere ein god metode under norske forhold, kan vi bidra til at fleire små og store kommunar får ein meir robust og miljøvennleg vassforsyning, seier Halleraker.