
Vellukka Rong-prosjekt viser veg for framtidas avfallsløysing
Pilotprosjektet med ny gebyrmodell på Rong har …
No begynner vi å dele ut eigne spann for glas- og metallemballasje til alle hushaldningar i Øygarden. Du får SMS når vi kjem til deg med spannet.
I år kom det fleire nye nasjonale krav i avfallsforskrifta om korleis vi skal handtere og sortere avfall. Det betyr mellom anna at alle hushaldningar i Øygarden får eigne spann til å kaste glas- og metallemballasje i. Det er godt nytt for miljøet – og for deg, som no slepp å dra til returpunkta for å levere dette til gjenvinning.
– Vi er veldig glade for å vere med på dette initiativet, som vil gjere det mykje enklare for innbyggarane å levere glas- og metallemballasje til gjenvinning. Målet er at fleire skal kjeldesortere, slik at materiala kan gjenvinnast og brukast til å lage nye produkt. Då sparer vi miljøet for store mengder klimagassutslepp, seier fagsjef for renovasjon i ØyVAR, Espen Elstad.
Det vil ta fleire månader før vi har delt ut spann til alle. Når vi nærmar oss ditt nabolag, får du ei melding. Vi startar henteordninga til hausten, men du kan begynne å bruke spannet med ein gong – sjølv om vi ikkje kjem og tømmer det enno. Du vil finne tømmedagane dine i den nye ØyVAR-appen, som du kan laste ned frå App store eller Google play.
Du betalar ikkje noko ekstra for å få spannet. Både spannet og henteordninga er allereie inkludert i renovasjonsgebyret.
Du kan kaste tom emballasje av glas og metall som har vore brukt til mat, drikke eller hushaldningsartiklar, i det nye spannet. Skyl emballasjen i kaldt vatn og la han tørke. La etiketten sitje på. Kast alt laust i spannet – ikkje bruk pose. Det gjer ingenting om noko knuser.
Når du kjeldesorterer, bidreg du til at verdifulle råstoff kan brukast på nytt. Glas- og metallemballasje kan gjenvinnast uendeleg mange gonger utan å miste kvalitet.
Glas- og metallemballasjen du sorterer, blir sendt til gjenvinningsanlegget Sirkel i Fredrikstad. Her blir glas og metall skilt frå kvarandre og sortert etter type og kvalitet.
Absolutt all glasemballasje blir gjenvunnen til nye produkt. Mesteparten av glaset blir til glasflasker, syltetøyglas eller anna emballasje ved glasverk i Europa. Resten blir brukt til å lage isolasjon eller byggematerialet Glasopor, som blir produsert i Noreg.
Metallet blir sortert ut og sendt til materialgjenvinning. Det kan bli til felgar, sykkelrammer, stolar, spikrar, verktøy, golfkøller, aluminiumsfolie eller makrell i tomat-boksar – eller andre metallprodukt.
Takk for at du kjeldesorterer!