
459 brannhendingar på gjenvinningsanlegg – feilsorterte batteri hovudårsaka
Visste du at feil handtering av brukte batteri kan …
Har du kontroll på kva som kan kastast i glas- og metallkonteinaren? Glas og metall er verdifulle råmateriale som kan gjenvinnast i det uendelege, så kjeldesorteringa di betyr mykje for miljøet.
Mange er usikre på kva som faktisk skal kastast i glas- og metallbehaldarane på returpunkta, men stasjonsleiar Richard Saure på Midtstegen gjenbruksstasjon veit råd. Hovudregelen er at berre glas- og metallemballasje, altså behaldarar som har vore mat, drikke eller andre husholdningsvarer i, skal kastast i glas- og metallemballasjekonteinaren. Feil sortering kan øydeleggje gjenvinningsprosessen.
Vinglas og speglar er døme på glas som ikkje høyrer heime i denne konteinaren.
– Det er ikkje for blomstervaser av glas og vinglas. Det må i restavfall fordi det er ein annan type glas som øydelegg for gjenvinningsprosessen, forklarer Richard.
Glas og metall er verdifulle råmateriale som kan gjenvinnast i det uendelege utan å mista kvalitet. Når du kjeldesorterer riktig, bidreg du til å redusere behovet for å utvinne nye ressursar, noko som sparer både energi og miljø.
Glas som blir gjenvunne, kan nyttast til å lage ny emballasje eller byggematerialet Glasopor. Gjenvunne metallprodukt, som hermetikkboksar og aluminiumsformer, kan smeltast om og brukast i nye produkt som syklar, bildelar, elektronikk og verktøy.
Gjenvinning av metall sparar opptil 95 prosent av energien som elles ville vore brukt på å produsere nytt metall frå råmateriale, ifølgje Norsk Gjenvinning. Samtidig bidreg gjenvinning av glas til lågare CO₂-utslepp og mindre bruk av sand, ein ressurs det er veksande global mangel på.
Ved å kjeldesortere glas og metall bidreg du til betre ressursutnytting og ein meir berekraftig framtid.