• Start |
  • Siste nytt |
  • Deponi – når avfallet …

Deponi – når avfallet ikkje kan gjenvinnast

Målet med avfallshandtering er alltid det same: å sortere, ombruke og gjenvinne mest mogleg. Men ikkje alt avfall kan få nytt liv. Då blir deponi siste utveg.

Publisert: 27.08.2026
Sist oppdatert: 18.08.2026

Deponi – når avfallet ikkje kan gjenvinnast

Målet med avfallshandtering er alltid det same: å sortere, ombruke og gjenvinne mest mogleg. Men ikkje alt avfall kan få nytt liv.

Nokre materialar kan verken ombrukast eller materialgjenvinnast på ein forsvarleg måte. Då blir deponi siste utveg.

Kva er deponi?

Deponi er ein stad der avfall blir lagra under kontrollerte forhold. Dette er avfall som ikkje kan gjenvinnast eller behandlast på andre måtar. Sjølv om deponi er den minst ønskjelege løysinga i avfallshierarkiet, er det nødvendig for enkelte typar avfall.

Kva slags avfall går til deponi?

Døme på avfall som ofte må leverast som deponi er:

  • betong og takstein
  • keramikk og porselen
  • enkelte steinmassar
  • isolasjonsmateriale
  • avfall som ikkje kan sorterast vidare eller materialgjenvinnast

Kva som kan leverast til deponi kan variere avhengig av materiale og samansetning.

Kvifor kan det ikkje gjenvinnast?

For at eit materiale skal kunne gjenvinnast, må det vere mogleg å sortere det ut og bruke råstoffet på nytt. Nokre materialar har eigenskapar som gjer dette vanskeleg eller umogleg.

Keramikk og porselen kan til dømes ikkje smeltast om saman med vanleg glas, og enkelte samansette materialar kan vere vanskelege å skilje frå kvarandre.

Sortering kjem først

Før avfall blir sendt til deponi, er målet alltid å sortere ut det som kan ombrukast eller gjenvinnast. God sortering på gjenbruksstasjonen bidreg til at meir avfall får nytt liv, medan berre den delen som ikkje kan nyttast vidare blir sendt til deponi.

Usikker?

Er du usikker på korleis noko skal sorterast, kan du søkje på sortere.no eller spørje dei tilsette på gjenbruksstasjonen.