• Start |
  • Siste nytt |
  • Dei nye opningstidene …

Dei nye opningstidene gjev nye moglegheiter.

Straume gjenbruksstasjon er open igjen, med nye opningstider som er tilpassa kvardagen slik han faktisk er. No kan du levere avfall etter jobb, etter middag eller når det passar best for deg. Fleire dagar i veka held gjenbruksstasjonen open heilt fram til kl. 19.45, slik at du slepp å stresse for å rekke det før stengetid.

Publisert: 04.02.2026

Nye opningstider gir meir rom i kvardagen

Straume gjenbruksstasjon er open igjen, med nye opningstider som er tilpassa kvardagen slik han faktisk er.

No kan du levere avfall etter jobb, etter middag eller når det passar best for deg. Fleire dagar i veka held gjenbruksstasjonen open heilt fram til kl. 19.45, slik at du slepp å stresse for å rekke det før stengetid.

Dei nye opningstidene gir større fleksibilitet og gjer det enklare å ta turen innom, enten du ryddar i garasjen ein kvardagskveld eller har litt ekstra tid i helga. Målet er eit tilbod som fungerer betre i ein travel kvardag – og som samtidig gjer det lettare å sortere rett.

Opningstider på Straume gjenbruksstasjon

Måndag, tysdag og torsdag: 13.00–19.45
Fredag og laurdag: 09.30–16.00

Opningstider på Midtstegen gjenbruksstasjon

Måndag: 09.30–19.45
Onsdag og laurdag: 09.30–16.00

Med dei nye opningstidene ønskjer ØyVAR å gi eit meir tilgjengeleg og brukarvenleg tilbod – tilpassa både kvardagar og helg.

Velkommen innom gjenbruksstasjonen når det passar deg ♻️