
Feil ved utsending av maifaktura – ingen AvtaleGiro sendt ut
På grunn av ein teknisk svikt blei ikkje …
Norkart vart utsett for eit datainnbrot som kan påverke kundar av ØyVAR. Sjå korleis du kan beskytte deg.
Norkart vart 5. mai utsett for eit datainnbrot, og lekkasjar frå dette innbrotet kan òg gjelde kundar av ØyVAR. Du kan lese meir om lekkasjen hos Norkart og Datatilsynet.
Datatilsynet skriv at dei tilrår alle råka å vere merksame på unormale rørsler, som til dømes knytt til forsikring, bank eller kredittkort. Følg òg med på om det vert gjort kredittsjekkar du ikkje kjenner til, eller om du mottar unormale e-postar.