Øyvar leverer svært gode resultat på fleire sentrale område innan vatn og avløp. Når resultata for vatn og avløp blir vurderte samla i BedreVann, Norsk Vann si samanlikning av vass- og avløpstenester, ligg Øyvar på 2. plass, med berre Bærum kommune framfor. Samtidig viser resultata ei tydeleg positiv utvikling frå 2024.
Gode resultat for innbyggjarane
For innbyggjarane handlar resultata først og fremst om noko heilt grunnleggjande: trygt og godt drikkevatn, god handtering av avløp og ei effektiv forvaltning av infrastrukturen vi alle er avhengige av.
Bak resultata ligg systematisk arbeid over tid. Kvar dag arbeider medarbeidarar i Øyvar med mellom anna vasskvalitet, lekkasjesøk, drift og vedlikehald av leidningsnett, vassverk og reinseanlegg og oppfølging av reinsekrav.
Trygt drikkevatn
Øyvar har 100 prosent tilfredsstillande resultat for E. coli, intestinale enterokokkar, farge og pH i drikkevatnet. Ein høg del av innbyggjarane er også tilknytt avløpsanlegg som oppfyller reinsekrava.
Gode resultat handlar ikkje berre om kvaliteten på vatnet og avløpsreinsinga, men også om å ta vare på infrastrukturen på ein effektiv måte.
Kraftig reduksjon i vasslekkasjar
Eit område der utviklinga er særleg tydeleg, er vasslekkasjar. Lekkasjedelen er redusert frå 26 prosent i 2024 til 19,8 prosent i 2025.
Mindre lekkasje betyr at meir av vatnet vi produserer, kjem fram dit det skal. Det gir betre utnytting av både vassressursane og infrastrukturen og bidreg til ei trygg og effektiv vassforsyning. Dei gode resultata er oppnådde med gebyr for vatn og avløp som ligg under landsgjennomsnittet.
- Vi veit at vatn og avløp kostar mykje for innbyggjarane. Difor er vi stolte av å kunne vise til gode resultat. Samtidig skal vi halde fram arbeidet med å utvikle tenestene og bruke gebyrmidlane så godt som mogleg, seier Bjarne Ulvestad, administrerande direktør i Øyvar.
Tydeleg framgang i BedreVann
BedreVann blir brukt til å samanlikne resultat og utvikling innan sentrale område for vatn og avløp. Resultata viser at Øyvar har hatt ei sterk utvikling på kort tid.
På vatn har Øyvar gått frå delt 31. plass i 2024 til delt 9. plass i 2025. På avløp har vi gått frå 7. plass til delt 6. plass. Når resultata blir sett under eitt, gir det Øyvar 2. plass samla.
Arbeidet held fram
Gode resultat betyr ikkje at vi er ferdige. Øyvar skal halde fram med å arbeide målretta med mellom anna forsyningstryggleik, leidningsfornying, reduksjon av lekkasjar og framandvatn og vidare utvikling av vatn- og avløpstenestene.
Ambisjonen er ikkje berre å gjere det godt i ei rangering. Målet er å gi innbyggjarane trygge og gode tenester og forvalte infrastrukturen og gebyrmidlane på ein best mogleg måte.
For innbyggjarane skal resultatet vere enkelt: trygt vatn i springen og ei avløpsteneste som fungerer, kvar dag.











