Det nye kontonummeret er 6015.05.01310. Kontoen har tvungen KID, så det er viktig at du brukar KID-nummeret ved betaling.
KID og det nye kontonummeret vil stå på fakturaen saman med denne meldinga:
«Vi har bytt bank. Vårt nye kontonummer er 6015.05.01310.»
Denne informasjonen vil vere med på alle fakturaer som blir sendt ut frå og med 6. mai 2025.
AvtaleGiro og eFaktura held fram som før
Dersom du betaler med AvtaleGiro eller eFaktura, treng du ikkje gjere noko. Desse ordningane held fram som vanleg.
Etter 6. mai 2025 vil betalingar til det gamle kontonummeret automatisk bli vidareførte til det nye, slik at pengane kjem fram som dei skal.