Nye opningstider på gjenbruksstasjonane frå 19. januar
Når den nye gjenbruksstasjonen på Straume opnar …
Visste du at feil handtering av brukte batteri kan setje heile gjenvinningsanlegg i brann?
I fjor blei det registrert heile 459 brannhendingar ved 16 ulike gjenvinningsanlegg i Noreg, ifølgje statistikk frå Norsk Industri. 86 prosent av brannane der årsaka er kjend, skuldast batteri som har blitt kasta feil. Den største brannrisikoen er når batteri blir kasta i restavfall. Men også batteri i papp og papir, kompleksjern og elektronikk var årsak til innrapporterte hendingar i fjor.
Dei fleste brannhendingane blei handterte av tilsette på gjenvinningsanlegga. To brannar utvikla seg og forårsaka store materielle skadar. Tala omfattar ikkje alle anlegg i Noreg. Det faktiske talet kan difor vere endå høgare.
Talet på brannhendingar syner kor viktig rett kjeldesortering er. Det er som regel litt restenergi igjen i eit batteri når det blir kasta. Kjem polane i kontakt med noko metallisk, kan det oppstå gnistar. Dette kan føre til brann heime hos deg, i bossbilen eller på mottaksanlegget.
For å hindre brann er det viktig å levere både batteri og anna el-avfall til godkjende innsamlingspunkt. Du kan levere brukte batteri i alle butikkar som sel batteri, og i eigne behaldarar på gjenbruksstasjonen.
Hugs også at bursdagskort med musikk, barneleiker eller anna øydelagd elektronikk kan innehalde batteri som du må sortere før du kastar dei. Også før du leverer batteria, er det viktig å handtere og oppbevare dei på rett måte.