– Det er kjempebra at så mange har lasta ned ØyVAR-appen. Dette viser at folk ser nytten av han. Samtidig håper eg at dei som enno ikkje har gjort det, tek seg tid til å laste ned appen no. Då er dei førebudde neste gong dei skal på gjenbruksstasjonen, seier fagsjef for renovasjon i ØyVAR, Espen Elstad. Appen er berre for abonnentane til ØyVAR.
Også Glenn Rolland på Midtstegen gjenbruksstasjon er glad for at mange har lasta ned appen.
Appen gir deg tilgang til gjenbruksstasjonane i Øygarden
Appen, som er gratis, gir deg ein QR-kode du kan bruke til å opne bommen på Midtstegen gjenbruksstasjon. Du treng den same appen for å kome inn på Straume gjenbruksstasjon når den nye stasjonen opnar i januar.
Her kan du lese meir om korleis du får QR-koden og delar den med andre.
Viktige tenester i kvardagen
Men appen er meir enn berre ein inngangsbillett.
– ØyVAR-appen gir deg tilgang til viktige tenester i kvardagen. Du får varsel om bosstømming, oversikt over tømmekalenderen og enkel rettleiing om sortering. Når vi etter kvart utvidar med fleire funksjonar, blir appen eit endå betre verktøy for abonnentane våre, seier Elstad.
Har du ikkje lasta ned appen enno? Last ned ØyVAR-appen her.
Difor treng du ØyVAR-appen
- Du slepp inn på Midtstegen gjenbruksstasjon med QR-kode i appen
- Du får tilgang til Straume gjenbruksstasjon når den opnar i januar
- Du får varsel ved endringar i bosstømminga
- Du kan sjå tømmekalenderen og få påminning om henting
- Du kan søkje på korleis du kjeldesorterer